Vi søkjer !
Gjennom fusjonen av Uteguiden og Valldal Naturopplevingar tilbyr Uteguiden AS den råaste kvaliteten av naturbaserte aktivitetar på Sunnmøre. Vi brenn for å skape minneverdige opplevingar sommar og vinter i heile regionen.
På bakgrunn av større etterspurnad og utvida tilbod ser vi etter ein person til stillinga som booking- og logistikkansvarleg. Stillinga er ei heilårstilling i 100%, der du må forvente arbeidsintensive periodar i høgsesong.
Vi søker deg som ynskjer å leve av å tilby og selje gode naturopplevingar i spektakulær natur. Stillinga vil innebere å bidra i den administrative daglege drifta av Uteguiden AS, der sal, booking, kundekontakt og logistikk er sentrale arbeidsoppgåver. Personen vi tilset vil bidra i utviklinga av Uteguiden AS for framtida.
Den vi tilset må kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk og stressande kvardag, ta ansvar og få arbeidsoppgåver gjennomført med korte tidsfristar. Du må ha ei profesjonell haldning som står i stil til jobben du skal utføre. Ekspert treng du ikkje vere, men ha stor vilje til å lære og utvikle deg sjølv. Tenkjer du langsiktig og er lojal vil du passe inn hjå oss.
Vi søkjer deg som
- Har erfaring frå reiselivet og gjerne lokal kunnskap
- Har relevant utdanning
- Er strukturert og taklar høgt tempo og kan levere med korte tidsfristar
- Har god skriftleg formulering på norsk og engelsk
- Disponerer eigen bil
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- Sal
- Booking og kommunikasjon med kundar
- Organisere turar og sørge for god logistikk
- Bidra i dagleg drift
Vi kan tilby
- Konkurransedyktig løn
- Pensjonsordning
- Personleg utvikling
- Gode rabattar på utstyr gjennom våre samarbeidspartnarar
Arbeidsstad
Vi har våre aktivitetssenter i Ålesund, Stranda og Valldal. Stillinga er ikkje låst til ein lokasjon og vil kunne tilpassast søkjar. Du må forvente å arbeide 1-2 dagar i veka utanfor din faste arbeidsplass.
Søknadsfrist 13.12.20.
Vi ynskjer at du sender oss ein videosnutt på maksimalt 2 minutt, der du kort presenterer deg sjølv og kvifor du passar inn hjå oss. CV og videosnutt kan sendast til oscar@uteguiden.com.
Planlagt oppstart er mars 2021.
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Oscar Almgren – oscar@uteguiden.com eller 405 54 670.








